Kompetanseverkty:      

Våre tenester

Kompetanseutvikling

NyKunnskap tilbyr kompetansekartlegging for det offentlege og private næringslivet.

 

For det offentlege næringslivet:

Vi tilbyr ei kartlegging over kva kompetanse som er tilgjengeleg i dei områda kunden er interessert i. Dette er avgjerande og eit viktig grunnlag for næringsutvikling og ei offentlig målsetting om å bygge næringsklynger, eller dersom ein skal satse på spesielle næringar.

 

 

For det private næringslivet:

Vi tilbyr kompetansekartlegging tilpassa verksemda sine framtidsplanar og satsingsområde.

Er nødvendig kompetanse tilgjengeleg?

Vi tilbyr også rekruttering av kompetanse både på plan- og operativt nivå:

Kan kompetansen skaffast? Korleis?

Målet med kompetanseutvikling er å skape betre resultat, og sjølv om det strategiske målet er å utvikle heile verksemda, så er det likevel kvart individ si utvikling som er avgjerende. Kvart kompetansetiltak må sjåast i samanheng med strategi og langsiktige mål.

Strategisk rådgjeving

NyKunnskap tilbyr strategisk rådgjeving innan kompetanse og kompetanseutvikling til både verksemder og organisasjonar.

 

Kva er strategisk rådgjeving?

 

  • Analyse av kompetansesitasjonen i verksemda/organisasjonen per i dag og korleis denne vil utvikle seg. Dette blir holdt opp mot dei reelle behova og korleis desse vil bli.
  • Målsett plan for satsinga på kompetansebygging- og utvikling som du treng for å kunne oppfylle verksemda/organisasjonen sine mål og strategiar.

 

Tiltaksplan som konkretiserer kva tiltak som må setjast i gang på kort- og lang sikt. Målet er å få tak i den nødvendige kompetansen.

 

Evaluering av effekt og tiltak, og eventuelt forslag til kompenserande tiltak.

Kompetansemekling

Vil du heve kompetansen innad i di bedrift?

 

NyKunnskap tek på seg oppdrag for å skaffe den beste ressursen til lågast mulig pris!

 

Vi tek oss av alt som må gjerast, og jobbar ut i frå ein kravspesifikasjon levert av bedrifta.

Vi forhandlar deretter pris, vilkår og gjennomføring med potensielle kandidatar.

 

Evaluering av allereie gjennomførte opplegg er også mellom våre spesialfelt, og bistår deg sjølvsagt i utforminga av nye opplegg.

 

Vi kan skreddarsy opplæringa, og bedrifta di får støtta sine reelle kompetansebehov.

NyKunnskap har gjennom lang erfaring skaffa seg ei solid oversikt over ressurstilgang og ressursbehov i ulike bedrifter.

Leig inn HR-sjef

Har du behov for HR-bistand men ikkje nødvendigvis i full stilling?

 

Er det vanskeleg å rekruttere kompetente folk?

 

Ved å engasjere NyKunnskap kan ein få HR-sjef på prosentstilling: 20% - 50%, eventuelt eit visst tal med timar i månaden. 

 

Med ein slik HR-sjefavtale slepp bedrifta di alt ansvar knytt til tilsetting, og blir i staden fakturert etter avtale frå NyKunnskap. 

Styrearbeid

NyKunnskap har høg kompetanse innan styrearbeid og tilbyr:

 

  • Opplæringstilbod
  • Bistand som ekstern styreleiar eller styremedlem.

 

Aksjelova set strenge krav til styrearbeid, og det er eit personleg ansvar knytt til alle som er tilsette i styrearbeid. Mange er ikkje klare over kva dette ansvaret går ut på – spesielt gjeld dette styrer i familieeigde, små- og mellomstore bedrifter og organisasjonar.

 

Mange styrer arbeider dessutan feil i høve til kva som skal stå på dagsorden, og i høve til ansvarsfordelinga mellom styre og dagleg leiar.

 

Vi kan også gå inn som eksternt styremedlem og/eller styreleiar. Dette garanterer kompetanse innad i styret, og ofte er det ein fordel nettopp med ein ekstern og profesjonell styreleiar.

 

Styrekompetansen til NyKunnskap er formalisert, og vi har brei erfaring i styrearbeid.

NyKunnskap tilbyr opplæring og bistand - slik at ditt styre og dine styremedlemer kan skaffe seg nødvendig kompetanse.

Prosjektkompetanse

I små og store prosjekt kan vi bistå deg med:

 

  • Prosjektetablering
  • Prosjektstyring
  • Prosjektgjennomføring

 

Prosjektkompetanse er ofte mangelvare i små og mellomstore verksemder og organisasjonar. Dette fører diverre til at prosjekta ikkje:

 

- har god nok framdrift

 

- er kostnadseffektive

 

- er målretta nok

 

Med ekstern bistand frå NyKunnskap unngår du desse fallgruvene, og får ein mykje høgare kompetanse og erfaring med gjennomføring av prosjekt.

Mentor / Coach

Er du leiar, tilsett eller gründer? Vi tilbyr mentor/coach-løysingar.

 

Mange leiarar opplever at dei ikkje har personar i eiga bedrift som dei kan bruke til strategisk eller personleg sparring.

 

Også gründerar som treng hjelp til å utvikle og realisere forretningsidear og konsept vil ha stor nytte av mentor/coach-ordninga.

 

NyKunnskap har formalisert mentor/coach-kompetanse.

Det å ha ein kompetent og uavhengig ressurs til å diskutere ulike problemstillingar knytt til strategi, organisasjon eller eiga leiarrolle, har vist seg å vere effektivt og styrkande for leiarar.