Kompetanseverkty:      

Om oss

NyKunnskap

NyKunnskap er ei verksemd som arbeider med kompetanse og

kompetanseutvikling som konkurransefremjande faktor for det private

næringsliv og offentleg sektor.

 

Litt om oss:

- Har kompetanse som hovudsatsing

- Breitt spekter av satsingsområde utover dette

- Er i stor grad retta mot kommersielle verksemder

 

NyKunnskap er lokalisert på Nordfjordeid i Nordfjordeid Næringshage.

Dagleg leiar er Arild Hjelmeland.

 

Nettverket vårt er sett saman av ressurspersonar frå offentlege- og private verksemder, næringshagar, vekstselskap, organisasjonar og utdanningsinstitusjonar.

 

Formålet til nettverket er å gje oversikt over kva verksemder og organisasjonar som er i nedslagsfeltet til NyKunnskap, sjå kva behov desse har - og best mulig hjelpe dei deretter.

 

Dette, saman med NyKunnskap sin eigen kompetanse og digitale kompetanseverktøy, gjev bedrifta ein unik posisjon som strategisk rådgjevar, kompetansekoplar og kompetansebyggar for bedrifter og organisasjonar.

Nettverksbygging er eitt av dei viktigaste verktøya for å realisere grunntanken til NyKunnskap.

Bakgrunn

Kven?

NyKunnskap vart opprinneleg skipa i 2002 av Sogn og Fjordane fylkeskommune saman

med fleire private bedrifter. Hovudoppgåva var å sikre at satsinga på ny kompetanse i

Kompetansereforma av 1999 vart ivaretatt på ein målretta og organisert måte.

 

Kvifor?

Vi såg eit behov for ein uavhengig aktør som kunne hjelpe spesielt små og mellomstore

bedrifter i arbeidet med å realisere målsettinga med Kompetansereforma.

 

Satsingsområde

  • Etablering av gode og effektive kommunikasjonskanalar
  • Velfungerande arenaer for organisert kompetanseutvikling
  • Utvikling og bistand i bruk av verktøy for organisert kompetanseutvikling

 

Tanken bak skipinga var at det offentlege og private næringslivet må arbeide saman

for å lukkast i få til den ynskja effekten av reforma.