Kompetanseverkty:      

Kvifor velge oss?

Kvifor skal du velje oss?

To av dei viktigaste strategiske ressursane for å lukkast med verdiskapinga er kunnskap og kompetanse. Den kunnskap og kompetanse den einskilde medarbeidar har, har liten eller ingen verdi dersom den ikkje vert delt og brukt på ein organisert måte. Verksemda sin samla kunnskap og kompetanse er større enn kvar einskild medarbeidar.

 

Dessverre er det få verksemder og organisasjonar som klarar å utnytte kunnskapen og kompetansen godt nok. Det er tre enkle grunnar til kvifor dette skjer:

 

- Mangel på oversikt

 

- Manglar i strategien

 

- Manglande organisering av kunnskaps- og kompetansearbeidet

 

Desse verdiane vert frigjorde i arbeidsprosessar der oppgåver vert løyste.

Dess meir effektiv desse prosessane skjer, desto høgare vert verdiskapinga.

 

 

Forskjellen på suksess og fiasko

 

Det er kunnskaps- og kompetansenivået, og evna til å nytte ressursane effektivt, som skil dei effektive og lønsame bedriftene frå det stikk motsette. Korleis verksemder og organisasjonar nyttar kunnskapen og kompetansen, fastset òg kvaliteten på varene og tenestene dei leverer.

NyKunnskap hjelper di verksemd med å finne og realisere dykkar unike kunnskap og kompetanse!